Dagen begynte vel egentli ganske som den bruka å gjer; ej sov leeenge, som ej he en tendens til å gjer når ej he fri. Våkna i 10- tida av nokre firbeinte so måtte ut å tisse. Ikkje uvanli.. våkna so i 1-tida igjen av ei Nemi so skrapa iherdi på døra å måtte ut å gjer sitt fornødne. Ikkje uvanli de heller. 5 min seinare va ho der igjen å skrapa på døra.. Litt uvanli. 5 min etter de igjen va ho der å skrapa igjen. Uvanli! å sånn holdt ho på i en times tid. Meget uvanli!! Å etterkvart begynte ho å pese å skjelve som besatt. Då forsto ej at no e noke iferd me å skje!! Ej holdt mej relativt rolig meda ho dreiv å leita etter en egna plass å ligge, å til mi store fortvilelse so skulle ho absolutt oppi senga!! De va de ej frykta kom til å skje! Såg for mej de enten kom til å skje i senga eller i sofaen, for de hadde no berre vore typisk! Men ej visste råd; ej sprang å henta valpekassa å la den oppi senga å putta ho Nemi oppi. De va heldivis bra nok :) Etterkvart såg ej riene begynte å komme å ho begynte å presse. Pondus stakkaren vart forvist uti gangen for at Nemi skulle få mest mulig ro. De syns ikkje han va so veldi kult so han sto der å pistra å skjønte tydelivis at her skjedde de noke stort! Å de gjor de for å sei de mildt! Samtidig hadde ej ne Lillian på telefonen, som moralsk støtte å for å holde mej sjøl rolig, å fordi ej gjerne ville informere ho om at no blir hunden hinna født :) Å plutseli kom der en fot ut!! Då va de på tide å legge på so ej kunne vere klar til den kom. Men de skulle visst vise sej at han kom me bakbeina først, å halvveis ute so satt han fast!! Nemi pressa å pressa uten at de såg ut til å hjelpe i de heile tatt! Fram til no hadde ej klart å holde mej rolig, men no kjente ej panikken komme... Nummeret til dyrlegen va heldivis lagra på tlf min å ej ringte å forklarte ka so skjedde. Der fekk ej beskjed om å ta tak i å drage! Men de va lettare sagt enn gjort... for de første va han glatt som den sleipaste ål, men bittelitt tak fekk ej å drog de ej klarte! Men nei, han satt blegg fast!! So ringte ej igjen å forklarte situasjonen å då fekk ej beskjed om å komme me en gong! Shit!! Ej skjønte for so vidt at de kom ej aldri til å rekke, men ej måtte no berre prøve. Dermed forlot ej en halvt panisk å enda meir forvirra Pondus å sprang de ej kunne me ne Nemi ned til bilen, so selfølgeli va full av is!! Ååååhhhh!!! skrapa so vidt et lite kikkarhol å satte avgårde, men en halv kvalp hengande ut av ne Nemi!! Kjørte deretter som en tulling me rabies til Drammen dyreklinikk! Der sleit dei også litt me å få laus den lisje guttekvalpen, men etter en del lirking å nokre hjerteskjærande hyl frå ne Nemi so fekk dei han laus... Men de va dessverre for seint.. navlestrengen hadde vore for masse i klem so han hadde fått for lite oksygen.. Dei prøvde gjenoppliving ei god stund, å innerst inne hadde ej et lite håp om at han skulle livne til, men sånn gjekk de ikkje. Den nydelige lisje brune kvalpen so ej he gitt navnet Edgar fekk aldri oppleve å sjå dagens lys.. Etterpå la dyrlegen han ned til ho Nemi so ho i de minste fekk helse på han å slikke på han. Utrulig rørande å sjå. Morsinstinktet va iallfall der! Lisje Edgar va so utruli fin! Han va brune, ligna en del på Pondus, so ej e sikker på at han hadde blitt en nydeli liten hund!
De varte ikkje so lenge før Nemi hadde rier igjen! Dinne gongen kom den også me bakbeina først å satt også fast! Men ikkje so godt fast so den forrige so dyrlegen klarte relativt greit å få den ut. Å dinne gongen gjekk de heldivis bra :) De vart ei lita jente so ej valgte å kalle Vicky. Ho va også brune sånn so storebroren sin. Å igjen fekk ej sjå de herlige morsinstinktet til Nemi der ho slikka den reine å dytta borti den me snuten.
Deretter gjekk de ei stund før de skjedde noke meir å vi begynte å lure på om der va fleire der. Sjøl om de vart sett 4 på ultralyd so kan fostera dø inni der å bli sugd opp so en ikkje merka at dei ikkje e der lenger. Men etter en times tid begynte ho å presse igjen; lisje Vicky skulle ikkje bli enebarn likavel! Dinne gongen gjekk de veldi greit, de va den einaste av dei 4 so kom me haude først. Å ej syns nesten tydeli ej hørte et lite plopp, å ho Wilma va ute! Nesten en tru kopi av mammaen :) No fekk Nemi ordne alt sjøl, reiv hol i fostersekken å beit av navlestrengen. Veldi fasinerande å sjå korleis instinkta gjer at dei veit nøyakti ka dei skal gjer! Å morkaka fekk ho jammen jafse i sej også. Lekkert!! (de blir ei stund før ho fe sleike mej i trynet iallfall).
Å no gjekk de ikkje longe stunda igjen før ho igjen fekk rier å begynte å presse! Å igjen kom de noken bakbein, å igjen satt den fast! Å no satt den godt fast igjen!! Den eine dyrlegen klarte ikkje å få tak på den å dra den ut so ho måtte spørre den andre dyrlegen om assistanse, å då gjekk de heldivis bra, etter nok en omgang me lirking å såre hyl frå stakkars Nemi! Dinne gongen va de en gut; Batman!! En nesten heilt kvit liten kjekkas me mørk flekk rundt eine auga!
Sida de vart sett 4 på ultralyd regna vi me at der ikkje va fleire, men for å vere på den sikre sida tok dei røntgen av Nemi for å sjå om der kunne vere noken til. Sida de hadde vore sopass komplisert me dei andre so meinte dei de va lurast at ej ikkje reiste heim igjen før alle hadde komt ut. Å røntgenen viste at no va der tomt, å magen til Nemi va igjen blitt slank som ei sylfide!
So då he Nemi å Pondus fått 3 små babya, å en liten i himmelen... Nemi fekk masse skryt av dyrlegane om dei gode morsevnene sine, so dei små nurka fe nok en god oppvekst!! Etter at vi kom heim igjen he dei kost sej i valpekassa si å tida he gått i å sove å drikke melk :) Pondus kikka nysgjerri på dei små pipande vaklepinnane å he soo lyst bort å sjå, men blir berre møtt av et knurr frå ho Nemi når han nærma sej. So han må nok vere tålmodig å vente litt til.
So då sitte ej her då midt på natta, fremdeles rusa på adrenalin av dagens hendelsa! Første døgnet sei dei e de mest kritiske so ej kjøme til å våke over dei inatt! Ikkje søren om noken av dei andre skal stryke me no!! Ej va veldi sikker på at fødselen kom til å gå greit å at ej so å sei berre skulle sitte å sjå til at alt gjekk greit for sej. Men so feil kan en ta! De e tydelivis ikkje allti naturen klare å ordne opp sjøl å idag fekk ej jaggu erfart de på den brutale måten! Tenke også på han stakkars Edgar å lure på om ej kunna gjort noke annleis for å redde han.. Kansje fått enda bedre tak på en måte, å få dradd han enda hardare ut? Ej veit ikkje... Ej va også so usikker på kor masse dei tåle, å kor masse ho Nemi tåle so der å då va ej også veldi redd for å gjer ting verre enn dei allereide va. De va iallfall veldi trist, han va so utruli fin! Ej e sikker på han hadde blitt en liten Pondus...
Men no sitte ej iallfall i sofaen å høre på 3 små mirakel so pipe nedafor her. Høre på kor ho Nemi slikka på dei å legge sej til rette for at dei skal nå tak i pattane, samtidig so ho he lagt en labb over dei for å gi dei varme. Ej e veldi stolt av Nemi-frøkena mi, å selfølgeli av Pondus-guten min også so klarte å finne et øyeblikk der ej va uoppmerksom slik at han fekk lage disse små søtingane :)
Nemi for et par daga sida. Ganske sprekkeferdig
Fødselen e i ferd me å begynde. Valpekassa e plassert oppi senga å Nemi he begynt å få pressveer.
Vicky e ute! Nemi passa på at den blir rein å tørr :)
Å der kom Wilma også :)
Wilma, et par minutt gammal :) fremdeles våt å forkommen
Å der va alle ute :) Wilma til venstre, Vicky i midten å Batman e på vei til en patt
Endeli komt oss heim igjen. Batman til venstre, Wilma i midten å Vicky litt vanskeli å sjå sida ho e so mørk
Konkurranse om den beste patten! Trur ikkje dei he skjønt at ho he 9 patta, so der skal vere 3 til kvar! Men likevel skal dei ha den samme :) Søskenkrangel allereide?
He litt dårli bildekvalitet sida ej selvfølgeli he klart å rota vekk kameraet mitt å he tatt bilde me iphonen! Aaaargh!! Typisk når ej trenge de mest!!